Nå har Skjåk fått sine aller fyrste kommunale elbilar

Torsdag vart det levert to splitter nye elbilar til Skjåk kommune. Dette er kommunen sine aller fyrste elbilar i bilparken.

Elbilar: Skjåk kommune har kjøpt to kommunale elbilar til administrasjonen. Torsdag kom elbilane til Skjåk. Leiar for teknisk drift i Skjåk kommune og salsansvarleg for Volkswagen på Sulland Otta, Hans Jeilen, takka for handelen.  Foto: Tom Erik Solstad

New Articles

Skjåk kommune har tidlegare vedteke å kjøpe to nye kommunale administrasjonsbilar. Kommunen gjekk inn for å kjøpe elbilar, og torsdag vart dei to nye bilane levert i Skjåk.

Bilane er kjøpt hjå Sulland Otta, og det var salsansvarleg for Volkswagen, Hans Jeilen, som overrekte bilane til Ove John Plassen som er leiar for teknisk drift i Skjåk kommune.

– Dette er Skjåk kommune sine aller fyrste elbilar, så dette blir ein ny kvardag for dei som skal køyre bilane, og er van til å køyre innom bensinstasjonen for å fylle opp tanken etter bruk, seier Plassen.

Elbilane er av typen Volkswagen Golf. Salsansvarleg Hans Jeilen fortel at bilane er 2020-modellar og har den største motoren med 136 hestekrefter.

– Bilane er elles utstyrt med alt av tryggleiksutstyr, fortel Jeilen.

Ove John Plassen fortel at kvar av bilane har ein prislapp på 300.000 kroner, og at det har lege inne i budsjettet i kommunen at det skulle kjøpast nye bilar dette året.

Dei nye elbilane har ei rekkevidd på 30 mil når batteriet er fullada. I samband med bygginga av nyskulen i Bismo sette Skjåk kommune opp ein ladestasjon med to ladepunkt på baksida av kommunehuset, som fram til nå har stått ubrukt. Denne ladestasjonen blir nå teken i bruk til å «fylle» dei nyinnkjøpte administrasjonsbilane i kommunen.