Tre personar henta ned frå fjellet

Det vart onsdag ettermiddag sett i gang ein redningsaksjon for å hente ned tre personar frå fjellet.

Redningsaksjon: Tre tyske turistar måtte hentast ned att frå fjellet onsdag ettermiddag.  Foto: Illustrasjon/Arkiv

New Articles

Politiet kunne ved 16.30-tida onsdag melde om at tre tyske turistar sat fast i fjellet ovanfor Gjendesheim i Sjodalen i Vågå.

I fylgje politiet er det svært isete og glatt på staden.

Alpin redningsgruppe og redningshelikopter er på tur inn til området. Politiet er på staden saman med Røde Kors.

Rett etter klokka 17.30 melder politiet at alle tre er henta ned av redningshelikopteret og at dei er i god behald.