Ope møte i Skjåk:

Eitt år etter flommen

– Mange kjenner uro for ei liknande hending.

Arbeidet med å «pusse opp att» Skjøle etter flommen er ferdig, men kva vil skje ved ein ny flom?  Foto: Hans Erik Kjosbakken

New Articles

Avtroppande ordførar i Skjåk, Elias Sperstad, seier det er viktig å informere om det som er gjort i etterkant av flommen og kva som må gjerast framover.

– Vi veit at det er mange som kjenner ei uro for ei ny liknande hending, seier Sperstad.

NVE, Fylkesmannen og Skjåk kommune inviterer derfor til ope møte tysdag 29. oktober på Skjåk turistheim der status eitt år etter vil bli gjeve, og det vil bli informert om arbeidet som står att.

Representantar frå NVE vil orientere om kva dei har gjort i Skjåk i året som har gått etter flommen, og om arbeidet som står att.

Fylkesmannen i Innlandet vil gje status om opprydding av Glasopor og anna langs vassdrag.

Skjåk kommune vil orientere om arbeidet med flomsikring av Bismo.

Eit anna tema blir også kven som har ansvar for flom- og skredsikring av private eigedomar, og korleis ein skal gå fram for å sikre eigen eigedom.

Det blir høve til å stille spørsmål og koma med innspel.