Arbeidsulykke i Skjåk – mann frakta til sjukehus i luftambulanse

Ein person fekk klemskader i ei arbeidsulykke i Skjåk måndag.

Arbeidsulykke: Det vart varsla om ei arbeidsulykke i Skjåk måndag.  Foto: Arkiv/Illustrasjon

New Articles

Arbeidsulykka skjedde på Skjåk Sementstøperi ved 12.30-tida måndag. Både luftambulanse og ambulansebil rykka ut til støyperiet i Skjåk.

Operasjonsleiar Kristian Bjaanes i Innlandet politidistrikt fortel til Fjuken at ein mannleg arbeidar pådrog seg klemskader i samband med arbeidsrutinar på sementstøyperiet.

– Skadeomfanget er for oss ukjent, men mannen vart frakta til sjukehuset på Lillehammer i luftambulanse, seier Bjaanes.

Han fortel at politiet vart varsla om arbeidsulykka ei stund etter at ambulanse vart varsla. I fylgje operasjonsleiaren har politiet vore på staden måndag ettermiddag og gjort undersøkingar i samband med ulykka.