Russen tek eit krafttak mot kreft

Russen i Lom engasjerer seg kvart år ved å gjera ein innsats for Kreftforeningen. Lomsrussen 2020 er ikkje noko unnatak.

Fin gjeng: Tredje klasse ved den vidaregåande skulen i Lom, saman med lærarane Tor Olav Mundal og Liv Mona Johnsgard, har alle kledd seg i rosa.   Foto: Vigdis Kroken

New Articles

Den internasjonale folkerørsla «Rosa sløyfe» blir markert over heile verda i oktober kvart år. Målet med aksjonen er å syne solidaritet med dei som blir ramma, auke kunnskapen om brystkreft og gje støtte til brystkreftforsking og andre brystkreftprosjekt.

– Vi skal gå i rosa i heile dag. Det kjennest godt å gjera ein liten innsats for kreftsaka. Dei fleste av oss kjenner folk som har eller har hatt kreft, fortel årets russekull.