Tunnelarbeid i heile vinter

Måndag 21. oktober startar arbeidet med å skifte ut det elektriske utstyret i Ospelitunnelen i Stryn, på Sogn og Fjordane-sida av fjellet. 

Det blir mykje arbeid i tunnelane på riksveg 15 over fjellet dei komande åra.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

New Articles

Arbeidet vil gå fire dagar i veka, frå måndag til torsdag. Tunnelen blir da stengt i inntil 30 minutt, og trafikken blir sleppt gjennom i kolonnar med leiebil.

Arbeidstidene blir 7:00 til 17:30 måndag, tysdag og onsdag, 7:00 til 15:00 på torsdagar. Frå torsdag kl. 15:00 til måndag kl. 7:00 blir det fri ferdsel gjennom tunnelen.

Rutebussar skal gå som vanleg.

Opprustinga av Ospelitunnelen er venta å vere ferdig før sommarferien neste år. Hausten 2020 blir det oppstart på opprustinga av Grasdaltunnelen på same strekninga.