Krav frå Finanstilsynet:

Alle må legitimere seg

Alle bankar har fått krav fra Finanstilsynet om å legitimere samtlege kundar. Finanstilsynet forventar at denne jobben blir gjort så fort som mogleg, men seinast 17.januar 2020.

Alle bankkundar må legitimere seg med pass.  Foto: Illustrasjonsfoto

New Articles

Bakgrunnen for kravet er å redusere kvitvasking og svindel.

Bankane har jobba med dette over lang tid, og kundar med mobiltelefon og epost har fått varsel via desse.

– Mange har vore inne og legitimert seg, men det står att svært mange som ennå ikkje har gjort det. Vi kjem til å måtte setja ein frist til kundane ei stund før jul. For dei kundene som ikkje er legitimert innan denne fristen, er vi pålagt å sperre kontoen mellombels, til legitimasjon er på plass, heiter det i ei melding frå Sparebabnk1 Lom og Skjåk.

Dei som har bankID (elektronisk ID og signatur) må til banken for å skanne passet sitt. For alle andre kundar, må ein ha godkjent legitimasjon med bilde, for eksempel førarkort, nasjonale ID-kort eller norsk utlendingspass.

– Det er viktig å presisere at dette er for kundens eigen tryggleik. Med oppdatert informasjon er kundane betre verna mot ID- tjuveri, svindelforsøk og andre formar for økonomisk kriminalitet, heiter det imeldinga frå banken.

Banken forstår at det kan vera ei utfordring å koma i bankens opningstid.

– Vi står med legitimasjonsskanner på stand under Lomsfest laurdag. Vi oppmodar derfor alle om å ta med seg passet sitt og stikke innom oss da.

Kundane kan elles gå innom alle SpareBank 1-bankne i landet for å legitimere seg.