Kraftsamling i Gudbrandsdalen

10 kommunar i Gudbrandsdalen skal ha fellesmøte onsdag 4. desember.

Dramatisk: – Det blir ein dramatisk situasjon og det vil ramme velferdstilbodet for mange i Gudbrandsdalen dersom kraftutvalets forslag går gjennom, meiner lomsordførar Bjarne Eiolf Holø.  Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

New Articles

Kommunane vil kjempe mot kraftutvalets forslag om å avvikle ordningane med konsesjonskraft og konsesjonsavgift.

Kommunane kan miste over 100 millionar kroner i kraftinntekter dersom forslaget frå kraftutvalet går gjennom.

– Forslaget frå utvalet er svært frekt og historielaust. Nå må vi bruke alle krefter på å hindre at forslaget blir vedteke, seier ordførarane Bjarne Eiolf Holø (Sp) i Lom og Rune Støstad (Ap) i Nord-Fron.

Kraftinntektene i distriktskommunane er under press. Tidlegare denne månaden vart kraftutvalets forslag lagt fram. Utvalet foreslår blant anna å fjerne alle dei kommunale ordningane for 175 distriktskommunar som har gjeve avkall på naturressursar til vasskraft.

– Dette er ei krigserklæring mot distriktskommunane. Det blir ein dramatisk situasjon og det vil ramme velferdstilbodet for mange i Gudbrandsdalen dersom forslaget går gjennom. Vi ynskjer å markere alvoret i situasjonen ved å samlast til felles kommunestyremøte, seier Holø og Støstad.

Det felles kommunestyremøtet skal arrangerast på Vinstra den 4. desember. I tillegg til nesten 200 kommunestyrerepresentantar, kjem det folk frå både LVK, Energi Norge og energiselskapa i Gudbrandsdalen.

– Både næringa sjølv og vi som kraftkommunar reagerer sterkt på forslaget. Derfor ynskjer vi å utarbeide ein felles høyringsuttale. Forslaget er eit alvorleg brot på ein over 100 år gamal samfunnskontrakt. Vi kjem aldri til å akseptere at dette forslaget blir vedteke, seier Holø og Støstad.


Kommunale kraftinntekter blir utradert, skriv LVK:

– Ei krigserklæring. Distrikts-Noreg har fått den største utfordringa i manns minne

Administrasjonssjef Ola Helstad i Lom er sjokkert over innstillinga som er levert regjeringa.