– Noko er det i alle familiar

– Det er viktig å prate med kvarandre, både om det som er bra og det som er vanskeleg.
New Articles

Det sa kommunepsykolog Ivar Morten Gjellesvik da han ynskte vel møtt til litterær lunsj på biblioteket i Lom fredag.

Lunsjen vart arrangert i høve Verdsdagen for psykisk helse.

Dei fire tilsette i Psykisk helseteneste Lom og Skjåk var til stades. Det same var dei tre bibliotekarane, som baud på litterære smakebitar.

– Det gjer alltid godt å få påfyll av eitt eller anna slag, som kanskje kan vekkje eitt eller anna i hovuda våre, innleidde kommunepsykolog Gjellesvik.

Han slo fast at folk treng folk, og uttrykte håp om at det skal bli enklare å prate med kvarandre.

– Psykisk helse er ikkje berre problem. Tvert om. Vi skal oppleve å ha det godt i livet, vi skal kjenne på glede og trivsel. Men det er ikkje alltid det er så enkelt. Det skjer jo ting i livet heile tida og alle har sitt å bale med. Kanskje døyr det ein bror, kanskje drikk mor eller far for mykje eller kanskje skjer det andre ting. Dersom du pratar med andre om det, og ikkje tenkjer at du må halde på det åleine, så finn du fort ut at det skjer ting i alle familiar, sa Gjellesvik.

Psykisk helseteneste i Lom og Skjåk er eit lågterskeltilbod.

– Dersom du står åleine og strevar med eitkvart, så kan du kontakte oss direkte. Vi vil gjera det vi kan for å hjelpe, lova Gjellesvik.

Tredjeklasse ved den vidaregåande skulen i Lom var til stades på arrangementet, det same var fleire vaksne og godt vaksne ottadølar.

Slagordet for Verdsdagen for psykisk helse er «Gi tid». Korleis vil du gje tid for å auke trivselen for deg sjølv og andre? Dei frammøtte vart utfordra til å skrive lappar med kva dei vil bruke meir tid på – og den utfordringa tok dei på strak arm.

Psykisk helseteneste i Lom og Skjåk er opptekne av at vi alle skal vera meir opne om psykisk helse. På sin eigen Facebook-vegg slår dei fast at meir openheit fører til:

  • At det blir enklare å dele tankar med andre og å gje og få støtte
  • Mindre tabu og skam rundt psykiske utfordringar
  • Ein styrkar den psykiske helsa si
  • Ein får eit meir inkluderande nærmiljø, arbeidsmiljø og skulemiljø
  • Ein får eit rausare samfunn