Politisk streik stoppar all togtrafikk i to timar torsdag

Det blir ikkje sett opp alternativ transport når all togtrafikk i landet stoppar opp i to timar torsdag.

Stoppar opp: All togtrafikk i landet stoppar opp i to timar torsdag denne veka, grunna politisk streik.  Foto: Arve Danielsen

New Articles

Fagforeiningane Norsk Lokomotivmannsforbund og Norsk Jernbaneforbund har vedteke politisk streik torsdag 10. oktober, opplyser Vy i ei pressemelding.

All togtrafikk stoppar denne dagen opp i tidsrommet 12.00-14.00.

Vy set ikkje opp alternativ transport for avgangane som er råka før, under og etter streiken, og beklagar ulempene dette medfører for kundane. Også dei tilsette på Vy sitt kundesenter vil streike, noko som betyr at også kundesenteret er stengt mellom 12.00 og 14.00 torsdag.

Vy opplyser at tog som allereie er undervegs når streiken tek til klokka 12.00, stoppar på næraste stasjon og står stille der fram til streiken blir avslutta klokka 14.00.

Vanleg refusjonsreglar gjeld for unytta billettar. Prisavslag som fylgje av forseinking på grunn av streiken, blir i fylgje Vy gjeve berre til kundar som har kjøpt billett før informasjon om streiken vart gjort kjend. Vy la ut informasjon om streiken på sine nettsider 3. oktober.

Den politiske streiken er ein protest mot innføringa av EU si fjerde jernbanepakke.

«Vi ynskjer ein moderne jernbane med demokratisk styring, der det ligg til rette for auka trafikk av passasjerar og gods, både nasjonalt og ikkje minst på tvers av landegrensene. Det vil stå i fokus når jernbanetilsette, fagrørsle og det breie lag av folket seier nei til EU si fjerde jernbanepakke og ja til toget som fremtidas transportmiddel», skriv Norsk Lokomotivmannsforbund på nettsida si.

Alle gods- og togselskap blir råka av den politisk streiken torsdag, også Flytoget.