Nye ekstraframsyningar

UL Fram ser seg nøydde til å køyre to nye ekstraframsyningar av revyen «Digital kanal Skjåk».

Suksess: Fekk du ikkje sett suksessrevyen «Digital Kanal Skjåk»? Nå får du ein ny sjanse.   Foto: Yury Rogachev

New Articles

Suksessrevyen gjekk føre seg i Marlo grendahus og fylte fleire hus i januar og februar. Ei ekstraframsyning vart sett opp, og da forsvann billettane lynraskt: I løpet av ti minutt!

– Nå er det mange som ynskjer seg enda ei ekstraframsyning. Det er ikkje alle som har sett revyen, og somme vil gjerne sjå han ein gong til, så da slår vi til med to nye reprisar, opplyser teaterleiar Tom Erik Solstad.

Dei to ekstraframsyningane skal gå føre seg 18. og 19. oktober.

– Blir dette reine reprisar, eller er det skrive inn nye nummer?

– Vi har laga ein del nye vitsar, det vil seia små nyheitsmeldingar frå kanalverten. Elles er revyen heilt lik seg, svarar Solstad.