Den fyrste potetdagen

Onsdag 2. oktober feirar vi den norske potetdagen for fyrste gong. Dette skal bli ein merkedag for å setja fokus på alt det positive kring poteta.

2. oktober er frå år «Potetdagen»  Foto: Fjuken/arkiv

New Articles

– Poteta er sunn, brukande i mange slags rettar, rimeleg og ikkje minst berekraftig. Potet er eigna å dyrke i heile landet, og den toler godt lagring. Poteta fortener ny heltestatus, meiner Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG).

I 2019/2020 foregår ein internasjonal kampanje der Noreg deltek «Tenk deg ei verd utan potet».

Poteta stammar frå Sør-Amerika, der den har vore dyrka i fleire tusen år. Dei spanske erobrarane brakte poteta til Europa på 1500-talet, men fyrst på 1700-talet vart poteta anerkjent og populær i Europa, der det ofte var matmangel om vinteren. Frå Europa er poteta vorte spreidd over heile kloda, og ein meiner å ha funne ut at den kom til Noreg i ca. 1740. Potet er ei av dei viktigaste matvarene i verda og produksjonen er på ca 325millioner tonn. Potet blir dyrka i nesten heile Noreg og er ei av våre viktigaste ernæringskjelder. Det finst mange ulike sortar med ulik form, farge, storleik og brukseigenskapar.

Poteta kan vera ein del av løysing på fleire av FNs berekraftsmål. Den kan bidra til god helse for fleire menneske og den er ei tenleg matvare som er bra for både helse, miljø og lommebok. (OFG).

I følgje andre kjelder ligg nordmenn på botnen når det gjeld konsum av poteter i Europa.