Nå kan du få førarkortet på mobilen

Frå 1. oktober kan alle med «lappen» laste han ned til mobilen.

Slik er det digitale førarkortet.  Foto: Statens vegvesen

New Articles

- Når du har behov for å vise at du har førarrett kan du opne mobilen og vise førarkortet på skjermen, seier Bodil Dreyer Rønning - som leier trafikant- og køyretøyavdelinga i Statens vegvesen.

Det digitale førarkortet er gyldig dokumentasjon på førarrettane dine. Du treng ikkje å ha med plastkortet i tillegg.

Det er likevel viktig å vera klar over at det digitale førarkortet berre er gyldig i Noreg. Den digitale «lappen» blir lansert i Noreg før det er bestemt i EU/EØS-området. Skal du leige bil, i Noreg eller i utlandet, vil du framleis måtte syne fram plastkortet.

Det digitale førarkortet kan lastast ned i Google play og App store.