Kommunale kraftinntekter blir utradert, skriv LVK:

– Ei krigserklæring. Distrikts-Noreg har fått den største utfordringa i manns minne

Administrasjonssjef Ola Helstad i Lom er sjokkert over innstillinga som er levert regjeringa.

Kommunane i Ottadalen og alle andre kraftkommunar risikerer nå å miste store og viktige inntekter.  Foto: Fjuken/arkiv

New Articles

Det såkalla kraftskatteutvalet leverte ein rapport til finansminister Siv Jensen måndag.

Ekspertutvalet tilrår å avvikle ordningane med konsesjonskraft og konsesjonsavgift. I tillegg meiner utvalet at eigedomsskatten for vasskraftverk bør normaliserast. Inntektene frå desse ordningane går i dag direkte til kommunane.

– Distrikts-Noreg har nå fått den største utfordringa i manns minne. Ei krigserklæring har kome. Det blir foreslått at robuste og forutsigbare inntekter for Kommune-Noreg skal avviklast. Dette gjeld konsesjonskraft, konsesjonsavgift og sannsynlegvis også eigedomsskatt frå kraftanlegg. Desse ordningane har det vore grunnleggjande politisk semje om i over 100 år, og har fungert godt i distrikts- og omfordelingspolitikk både med tanke på busetjing, næringsutvikling og verdiskaping. Det er 175 kommunar (av desse er over 80 prosent minsteinntektskommunar) som nå risikerer å miste denne grunnleggjande føresetnaden for tenesteyting og framtidstru. Det er all grunn til å vera uroa over eventuelle kompensasjonsordningar som absolutt ikkje kan representere erstatning for nåverande konsesjonsordningar, og som definitivt byggjer opp om lokaldemokratiet som alle pratar varmt om, seier Ola Helstad i eit innlegg på Facebook.

Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) kallar forslaget historielaust, dramatisk og stikk i strid med det kommunane og bransjen ynskjer.

Vertskommunane vil, om forslaget går igjennom miste store inntekter.

– Forslaget er ikkje berre eit brot på samfunnskontrakten, det er historielaust og verkelegheitsfjernt. Å fjerne kommunanes lovbestemte rettar til ein andel av verdiskapinga frå vasskraft vil føre til ein massiv motstand frå dei lokalsamfunn som må tole dei ulempene som vasskraftutbygging fører med seg. Dette politiske og samfunnsmessige perspektivet ser det ikkje ut til at utvalet har fått med seg, skriv LVK på sine nettsider.