Personleg og sterk dokumentar om Morten Schakenda klar for filmlerretet

Torsdag 18. oktober er det premiere på dokumentarfilmen «Hel ved – Historien om Morten Schakenda» i Utgard i Lom.

Bakaren som sette Lom på kartet: «Hel ved - Historien om Morten Schakenda», er namnet på dokumentarfilmen om bakaren i Lom, som har premiere i Utgard 18. oktober. Dette bildet er teke i 2016.  Foto: Vigdis Kroken/Arkiv

New Articles

– Dette blir ei personleg og sterk reise gjennom draumar, sjukdom og suksess, seier Jannicke Tolfsen.

Ho er produsent for dokumentarfilmen «Hel ved – Historien om Morten Schakenda» som skal synast fram i Utgard i Lom fredag 18. oktober.

– Med denne filmen ynskjer vi at folk skal bli betre kjent med bakaren som sette Lom på kartet, og dei unike eigenskapane som har gjort dette mogleg, seier produsenten.

Ho fortel at hovudpersonen Morten Schakenda, sjølv ikkje ynskjer å sjå filmen før premieren i Utgard, og at produksjonsselskapet Clair Obscur har fått heilt frie tøylar når det kjem til innhald og produksjon.

– Vi føler det er ei stor ære å ha fått full tillit av Morten til å gjera akkurat det vi vil. Dette er stort for oss, seier Jannicke Tolfsen.

Opptaka til dokumentarfilmen om Morten Schakenda vart gjort i 2018.

Filmen er 56 minutt lang, og i tillegg til bakaren sjølv, medverkar fleire familiemedlemar, samt personar som Arne Brimi, Einar Gelius, Aslak Brimi, Bjarne Eiolf Holø, Jørn Slettom, Kåre Sveine og andre.

– Dette har vore eit litt spesielt prosjekt, sidan det ligg så mykje hemmelegheitar her, med tanke på at hovudpersonen sjølv ikkje vil sjå filmen før «alle andre» skal få sjå han, seier produsenten.

Jannicke Tolfsen fortel at dokumentarfilmen i fyrste omgang blir synt berre i Utgard i Lom, slik at Morten og familien, og sambygdingane får høve til å sjå filmen.

Fredag vart det lagt ut billettar for to framsyningar av «Hel ved – Historien om Morten Schakenda» fredag 18. oktober.