– Sjekk vêr- og trafikkmeldingar før haustferieturen

Neste veke er det haustferie, og mange skal ut på vegane.

– Søk informasjon før turen! Seksjonsleiar Peder Tømmervåg på Vegtrafikksentralen øst oppmodar trafikantane om å sjekke vêr- og trafikkmeldingar før dei legg ut på haustferieturen.  Foto: Statens vegvesen

New Articles

Statens vegvesen ber trafikantane planleggje haustferieturen godt. Neste veke er det haustferie i Østfold, Akershus, Oslo og Oppland.

– Sjekk vegvesenet sine trafikkmeldingar på nettsida www.175.no, og eventuelt våre oppdateringar på Twitter før du set deg i bilen. Lytt også til radioen undervegs, oppmodar seksjonsleiar Peder Tømmervåg på Vegtrafikksentralen Øst i ei pressemelding.

Trafikantane kan også få trafikkinformasjon ved å ringe publikumstelefonen 175.

Fleire stader i fjellet i Sør-Noreg har det allereie vore snøfall. Dei som skal til fjells bør sjekke vêrmeldinga. Sjekk også langtidsvarselet, slikat du har ein indikasjon på korleis føret kan vera når du skal heim att.

– Køyretyet skal alltid vera skodd for det aktuelle føret. Er det vinterføre, skal bilen ha vinterdekk, seier Tømmervåg.

Vegtrafikksentralen Øst overvakar, styrer og informerer om vegtrafikken i Østfold, Oslo, Akershus, Hedmark og Oppland, og har fylgjande viktige råd til trafikantane:

• Søk vêr- og trafikkinformasjon – planlegg turen

• Pakk bilen sikkert – sikre lause gjenstandar

• Hugs bilbelte

• Køyr etter tilhøva

• Stopp og sov dersom du blir trøytt bak rattet