Bilbrann på Lalm

Brannvesenet rykka torsdag kveld ut til ein brann i ein bil som stod på ein låve på ein gard på Lalm i Vågå.

Bilbrann: Brannvesenet rykka torsdag kveld ut til ein bilbrann på ein gard på Lalm.  Foto: Illustrasjon

New Articles

Underbrannmeister Frode Bråthen på 110-sentralen opplyser til Fjuken rett før klokka 19.30 at brannvesenet var raskt på plass, og at dei greidde å få dytta bilen ut av låven.

Brannvesenet fekk melding om bilbrannen på garden på Lalm klokka 18.54 torsdag kveld.

– Brannen i bilen er sløkt. Det er ein del røyk inne på låven, men det ser ikkje ut til at brannen har spreidd seg frå bilen. Brannvesenet held på med ventilering og sjekking av låven, fortel Bråthen.

I fylgje operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt skal éin person ha fått i seg røyk i samband med slokkearbeidet. Vedkomande blir undersøkt av helsepersonell.