Førarkortbeslag i Skjåk

Ein førar vart fråteke førarkortet under ein laserkontroll på riksveg 15 i Skjåk onsdag føremiddag.

Førarkortbeslag: Ein førar vart fråteke førarkortet under ein kontroll i Skjåk onsdag.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

New Articles

Det var Utrykkingspolitiet (UP) og ein lokal patrulje som i fellesskap gjennomførte laserkontroll på riksveg 15 ved Ånstad i Skjåk onsdag.

UP opplyser til Fjuken at høgaste hastigheit som vart målt var 87 km/t i 60-sona. Det resulterte i førarkortbeslag. Føraren er i fylgje UP ikkje heimehøyrande i vårt distrikt.

I tillegg til førarkortbeslaget, vart det skrive ut sju forenkla førelegg for fart under kontrollen i Skjåk onsdag.