Serveringsbedriftene i Lom set pris på «Lev i Lom»:

Vil gje bort overskotet frå Lomsfesten

Fleire serveringsbedrifter i Lom går saman om eit felles mat- og øltorg i Lom sentrum under årets Lomsfest. Overskotet vil dei bort.

Mat- og øltorg på Bergom: Serveringsbedrifter i Lom går saman om eit felles mat- og øltorg på Bergom. Overskotet skal gå til «Lev i Lom». – Vi vil vise at vi set stor pris på initiativet deira, seier Randi Lund på Fossberg hotell, som samarbeider med Nordal turistsenter om arrangementet.  Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Blir sett pris på: Mari Steinehaugen og Svanhild Lyngved er to av drivkreftene i «Lev i Lom».   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

New Articles

– Fossberg hotell ynskjer å gje heile overskotet frå suppesal til «Lev i Lom». I tillegg vil overskotet frå inngangsbilletten til mimrekvelden «Livet på Bergom» gå til same føremål, opplyser Lomsfesten i ei pressemelding.

Randi Lund fortel at dei ynskjer å gje litt «kred» til dei som vil prøve å setja i gang noko i Lom sentrum, for å vise at dei set stor pris på initiativet deira.

– Det er ikkje sikkert det er prat om store summar til saman, men for oss blir det meir ei symbolsk handling, seier Lund, som samarbeider med Nordal turistsenter om arrangementet.

Den lokale foreninga «Lev i Lom» vart starta hausten 2018, og har som føremål å skape optimisme, arbeidsplassar og innflyttarar til Lom – og bidra til å vidareutvikle eksisterande bedrifter. Arbeidsgruppa består av 7 personar frå næringslivet i Lom, og alt er basert på friviljug arbeid.

Lomsfesten blir arrangert for tredje året på rad helga den 17. til 20. oktober.

– Da er det duka for ei innhaldsrik kultur- og aktivitetshelg i Lom. I fire dagar vil Lom vera fylt av underhaldning og aktivitetar, god mat og drikke. Målet er at alle lomværar og andre tilreisande skal finne noko interessant å delta på. Lomsfesten startar med arrangementet «Haustkveld under Lomseggen», der kulturprisen for Lom kommune skal delast ut. Det rikhaldige programmet byr elles på mellom anna strikkekveld og quiz, aktivitetar og underhaldning på Bergom, kanelsnurrkonkurranse, guida tur med turstiglaget, morgonyoga, isbading, kunstutstilling, konsertar og ei rekkje aktivitetar for barn, heiter det i pressemeldinga.