Ny leiing på Røisheim Hotell

Frå og med 2020-sesongen vil Kjetil Magnussen ta over som ny leiar og ansvarleg for drifta av Røisheim Hotell.

Ny leiing: Dagleg leiar Erik Teigum sluttar og nye drivarar tek fatt frå 2020-sesongen.  Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

New Articles

Han har med seg sin partnar Lise Rolland.

Kjetil Magnussen har brei erfaring frå restaurantbransjen og har mellom anna vore soussjef og kjøkensjef på Kleivstua og Sundvolden. Han har óg vore gründer og starta «Det Øde Bakeri».

– Det har alltid vore ein draum å drive eit fjellhotell, seier Kjetil Magnussen.

– Røisheim er ein fantastisk stad og eg gler meg stort til å vidareutvikle staden saman med eigarar og samarbeidspartnarar. Vi har allereie starta med å setja saman neste års menyar og har nytta den fine sopphausten i år til å sikre oss stuttreiste og nydelege godbitar. Vi er klar over at gjestane har høge forventningar og at dei har vore svært nøgde med opplevingane på Røisheim dei siste åra. Vi er audmjuke når det gjeld å ta over ansvaret og vi vil forvalte arven så godt vi kan. Vi kjenner området frå familiens bakgrunn i Vågå. Der har vi framleis ei hytte som vi ofte nyttar. Nå gler vi oss til å bli enda betre kjend med området, samarbeidspartnarar og gjestar, seier Kjetil Magnussen.

Lise Rolland har óg restaurantbakgrunn, blant anna som hovmeister på Sundvolden. Ho ser fram til å bistå i både utvikling av tilboda og det daglege virke.

Røisheim har dei siste sju åra vore drive av Erik Teigum frå Skjåk.

– Røisheim har fylt store delar av livet mitt desse åra. Det er vemodig å forlate hotellet, seier Erik, og slår fast at ein del av hjartet framleis vil liggje att der.

– Men etter sju år har eg behov for å gjera noko anna.

Erik Teigum tykkjer det er triveleg å kunne overlate stafettpinnen med eitt av dei beste resultata nokosinne.

– Vi får mykje energi av dei positive attendemeldingane. Eg er heilt sikker på at Kjetil Magnussen vil utvikle dette vidare på ein god måte, seier han.

Røisheim Hotell har dei siste åra meir enn dobla antall gjestedøgn og har langt fleire restaurantgjestar enn tidlegare.

Røisheim er ein del av «De Historiske Hoteller» og er opphaveleg ein gamal skysstasjon. Staden har heile 14 freda bygg.

Karin Bing Orgland, representant for eigarane, slår fast at den gode veksten ikkje har vore mogleg utan Erik Teigum si gode leiing, kokkeeigenskapar og evne til å få dei tilsette til å samarbeide på ein god måte.

– Vi er trygge på at Kjetil og Lise vil vidareføre og utvikle hotellet og tilbodet til gjestane, og vi ser fram til samarbeidet. Vi er aktive eigarar og brenn for å ta vare på Røisheim si unike historie og spesielle stemning. Gjennom dei siste åra er det investert betydeleg i oppgradering av hotellet. Vi er opptekne av å vidareutvikle hotellet saman med den nye leiinga, slik at vi både kan ta vare på kulturhistoria og møte krava gjestane stiller oss når det gjeld god mat, opplevingar og moderne komfort, seier Karin Bing Orgland.