Edvard Hoem kjem til Lom

Edvard Hoem er med utvandrarserien sin ein av Noregs mest lesne forfattarar for tida.

Til Lom: Edvard Hoem kjem til Lom i desember.   Foto: Paal Audestad

New Articles

3. desember kjem han til Lom for å vera med på avslutninga av Klassikar-prosjektet som har gått i Bokåret 2019.

– Det blir ein forfattarkveld av dei sjeldne, lovar biblioteksjef Rita Mundal.

Ho fortel at ho og kollega Merete Byrøygard møtte Edvard Hoem i vår, på eit arrangement på Lillestrøm.

– Vi fekk god kontakt med Hoem og han gav uttrykk for at han hadde lyst til å koma ein tur til Lom. Vi tok han på ordet!

Arrangementet skal gå føre seg på Brimibue den 3. desember. Edvard Hoem skal lesa og fortelja om «Slåttekar i himmelen» og dei andre bøkene i serien.

I tillegg vil bibliotekarane i Lom koma med små smaksprøver på nokre av dei andre ny-klassikarane.