Ambulansen i Vågå er parkert:

– Beredskapen er ytterlegare svekka

Frå klokka 08.00 til klokka 20.00 tysdag er ambulansen i Vågå ute av drift.

Parkert: Ambulansen i Vågå er parkert i dag, tysdag.  Foto: Arkiv/Illustrasjon

New Articles

Årsaka skal vera at det manglar folk og at det skal sparast pengar.

Fjuken har fått opplyst at tilsette har kome med tilbod om å jobbe, men at dette har vorte avvist.

Frå Sjukehuset Innlandet blir det stadfesta at sjukebilen i Vågå er ute av drift desse timane, men at dei andre sjukebilane blir flåtestyrt - og at luftambulansen óg er ein del av beredskapen - og at det derfor ikkje skal vera fare for liv og helse.

Det er ikkje Ola Yttre, leiar i Ambulanseforbundet i Delta, samd i på nokon måte.

– Responstida er ikkje bra nok i Nord-Gudbrandsdalen frå før. Når så ambulansen i Vågå blir parkert, vil sjølvsagt beredskapen bli ytterlegare svekka. Det kan i verste fall resultere i fare for liv og helse, åtvarar han.