Skjåkværar stranda i Hellas etter konkurs

– Vi lir inga naud. Mat og drikke er det nok av her nede, seier Ole Jonny Runningen.

Stranda på hotellet: – Vi lir inga naud, seier skjåkværane som ikkje kjem seg heim att.  Foto: Privat

New Articles

Han er på ferie i Lefkas i Hellas, og saman med resten av reisefølgjet sitt skulle Runningen reise heim att i dag.

Dei reiste med reiseselskapet Thomas Cook, som tidleg måndag morgon slo seg konkurs. Som ei fylgje av konkursen er Ole Jonny Runningen og andre skjåkværar nå stranda i Hellas.

– Vi skulle ha vorte henta på hotellet av bussen klokka 09.45 i dag tidleg, som skulle frakte oss til flyplassen. Ein time før bussen skulle koma, fekk vi ein e-post frå Ving der det stod at vi ikkje kom til å bli henta i dag, seier Runningen til Fjuken på telefon frå hotellet.

Flyet skulle eigentleg lette ved 13-tida i dag.

Reisefylgjet har nå fått ordna seg hotellrom att på Lefkas, og veit ikkje kor lenge dei blir verande der, før dei får reise heim til Noreg og Skjåk.

– Bortsett frå den eine e-posten frå Ving i dag tidleg har vi ikkje fått ein einaste beskjed, så vi veit eigentleg ingenting, seier Runningen.

Han og dei andre skjåkværane er ved godt mot på hotellet, og har det bra.

– Vi lir inga naud. Mat og drikke er det nok av her nede, seier Runningen.

Vinggruppen sine eigarar, Thomas Cook Group, har tidleg måndag morgon søkt om konkurs. Dette fører til at all flytrafikk med Thomas Cook Airlines Scandinavia for tida blir innstilt. I ei pressemelding opplyser Ving at dei arbeider intensivt for at alle kundar som er råka skal koma seg heim med så små forsinkingar som mogleg.