Konsertar i Vågå og Lom

Kultivator inviterer til to konsertar i haustferien.

Lokal folkemusikk: Oslo Suzuki-fiolinistar skal spela nokre heilt nye arrangement av lokal folkemusikk.  Foto: Privat

Klarinettist: Klarinettist Carl Petter Opsahl er inspirert av slåttemusikken i Gudbrandsdalen.   Foto: Thor Hauknes

New Articles

Sundag 29. september kjem det eit strykeorkester med barn og unge frå Oslo til Vågå stavkyrkje. Orkesteret heiter «Oslo Suzuki-fiolinistar» og blir leia av Anne Berit Halvorsen, ein av landets fremste fele-pedagogar for barn.

Dagen før, laurdag ettermiddag, skal dei halde ein liten konsert i Lom.

– På konserten vil dei spela nokre heilt nye arrangement av lokal folkemusikk. Orkesteret har samarbeidd med Vegar Vårdal og spelar mykje folkemusikk og stoff frå Ottadalen. På konserten får vi blant anna høyre Gjendines bådnlåt, bruremarsj frå Vågå, Skogbygdsgaloppen og Reodors vise frå Flåklypa, melder Kultivator i ei pressemelding.

Sundag 6. oktober blir det konsert på Gammel-Kleppe med Carl Petter Opsahl, Jo Asgeir Lie og Oddrun Lilja.

Carl Petter Opsahl er klarinettist og har arbeidd mykje med tradisjonsstoffet frå Gudbrandsdalen.

– Mange av slåttane i Gudbrandsdalsmusikken har namn etter menneske, stader og hendingar - «Bestemor Vårdale», «Rønnaug Ripstrond», «Dansar-Hans», «Gjermundhallingen», «Fangjen» - kva liv og personlegdomar ligg gøymt i desse slåttane? undrar Opsahl.

Inspirert av forteljingane og slåttemusikken i Gudbrandsdalen og gjennom utallige menneskemøte gjennom 20 år som gateprest i Oslo, har Carl Petter Opsahl skrive nye slåttar med nye forteljingar.

Musikarane skal vera fleire dagar i Vågå, og dei har laga konserten spesielt for Vågå konsertserie.