MEINING

– Det viktigaste er arbeidplassar

New Articles

Av Alf Bråtet, Asker

Som utfløtt lomvær tykkjer eg det er greit å fylgja med i det som skjer i Ottadalen og spesielt i Lom, så eg les Fjuken kvar veke med stor interesse.

Sume tider blir eg litt undrande til det folk skriv, og slik skal det vera, for alle kan ikkje vera samde i alt, men i den siste Fjuken var det eit par saker eg fekk lyst til å kommentere.

I Meiningar skriv Britt Oline Forberg og Mai Bakken om dei nye kommunestyra, at folketalet i Ottadalen går ned, og at vi arbeider med tilflytting og bulyst.  Vi lurer på kvifor vi ikkje får nokon til å busetja seg her, vi leitar etter årsaker skriv dei.  Etter mi meining er det eit innlysande og enkelt svar: Arbeidsplassar. Eg tykkjer det er underleg at sentrale politikarar ikkje har forstått at dette er det viktigaste kriteriet for å få folk til i slå seg ned i bygda. Det er ikkje nok med frisk luft og fin natur, det må finnast eit arbeid å gå til, og er det snakk om ein familie eller eit par, held det ikkje med ein arbeidsplass, det må vera to. Det er ikkje nok med ei 12,5 % stilling i helsevesenet. Ingen kan leva av det. Dykk kan ikkje forvente at ein vil busetja seg i Lom når det ikkje finst arbeidsplassar. Det er ikkje plass til alle i kommuneadministrasjonen og i helsevesenet.

Så ikkje framstill dette som at alle utflytte ikkje VIL attende til Lom og busetja seg der. Sjølsagt er det fleire som ynskjer å bu andre plassar, men for dei  som gjerne vil attende har ikkje Lom arbeid å tilby.

For min eigen del så hadde eg truleg ikkje reist til Oslo i ungdommen dersom det hadde vore arbeid å få i  Lom. Det er 55 år sidan, men slik er det vel den dag i dag. Det er berre nokre få som har ein gard eller ei annan slags bedrift å ta over, og da må ein søkja ut for å få seg arbeid.

Opp gjennom åra har det vore arrangert mange møter og tilstellingar  for utflytte døler i Oslo for å få oss til å koma heim att, men det blir heilt meiningslaust når ein ikkje har arbeid å tilby.

I den same Fjuken les eg om Fredly:

Føremålet med ombyggingsprosjektet er å redusere bemanninga med ei nattevaktstilling.

Det skal m.a.o byggjast om for å fjerne ein arbeidsplass.

Det forsterkar inntrykket om at politikarane ikkje heilt forstår verdien av å skapa arbeidsplassar og ikkje minst,  å ta vare på dei eksisterande.