MEINING:

Det krevst eit lag for å styre ein kommune

New Articles

av Mette Vårdal, Vågå Sp

Vågå Sp var største parti ved valet i Vågå, med 33,8% av stemmene. Vi er tekknemlege for alle som stemte på oss, og skal gjere det vi kan for å vere med å styre Vågå vidare på ei konstruktiv og god måte, i samarbeid med dei andre partia.

Heile 138 gongar var personar frå Sp ført opp på andre pari sine lister. At vi er det partiet med flest slengarar syner at vi har eit stort nedslagsfelt og breidde i politikken vår.

At vi er det partiet med flest stemmer, flest personstemmer og flest slengjarar, gjer oss trygge på at vi har stor tillit i Vågå, og mange dyktige folk på lista vår. Vi har fått 6 plasser i kommunestyret, og har ein samansett gruppe med personar med ulik bakgrunn, alder, bustad og kjønn. I eit kommunestyre der kjønnsbalansa slettes ikkje er god, har vi også dei to damene med flest slengjarar.

Det krevst eit heilt lag å styre ein kommune. Veljarane har synt at dei har stor tru på heile Sp sitt lag, det er vi glade for.