Vil syne fram kunstskattar og fortelja spennande historier

Elveseter Hotell i Bøverdalen opnar dørene for alle som er interessert i kunst og historie måndag 23. september.

Kunsthotell: På Elveseter hotell er det mange kunstskattar. Neste måndag blir det invitert til omvising.   Foto: Skjermbilde frå heimesida til Elveseter hotell.

New Articles

Arrangementet skal gå føre seg på kveldstid, og det er Fjellmuseets Venner og Norsk fjellsenter som inviterer til omvisinga.

Programmet startar ved museet på Omondgard.

– Vi ser oss omkring i museet der gipsformene til Sagasøyla er, saman med anna som Wilhelm Rasmussen har laga, heiter det i ei pressemelding frå dei to arrangørane.

Frå Sagasøyla går turen til hotellet. Der vil Inger Elveseter fortelja om hotellet si historie, med omvising av kunsten og kunstskattane som er der.

Arne Vetllín vil fortelja om det gode samarbeidet han hadde med Jessie og Åmund Elvesæter, og om prosjekt dei hadde saman, mellom anna minnesmerke som er sett opp på ulike stader.

Kveldsstunda blir avslutta med kaffe og kake i Kyrkja på Elveseter.

I pressemeldinga blir det opplyst at folk må melde seg på innan 19. september.