Stengde fjellovergangar

Statens vegvesen stenger fv 63 mellom Geiranger og Langvatn frå klokka 21 fredag kveld. Høgste punkt på vegen er over 1.000 meter og det er meldt mykje nedbør som kan koma som snø.
New Articles

- Trafikantane køyrer på sommardekk og det er fortsatt mange turistar som køyrer til og frå Geiranger. Det er heller ikkje mobildekning på deler av strekninga. Tryggleiken til dei som køyrer på vegen kjem alltid fyrst og difor vel vi å nattestenge vegen, fortel byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen.

Det blir vurdert om vegen kan opnast igjen klokka 8 laurdag. Om snøen legg seg på vegen før klokka 21 fredag kan han bli stengt på kort varsel.

Gamle Strynefjellsvegen, fv 258 er stengt på grunn av vanskelege køyreforhold. Stenginga gjeld inntil vidare.

Oppdatert trafikkinformasjon finn du på vegvesen.no