Val 2019:

Ventar i spenning i Skjåk

Dei tre politiske partia i Skjåk er godt i gang med sine valvaker, og ventar spent på resultatet.
New Articles

Fjuken har vore innom valvakene til dei tre politiske partia i Skjåk måndag kveld. På Ellinors Landhandel i Nordberg er Skjåk Ap samla, der politikarar og andre mellom anna kosa seg med heimelaga «valflesksuppe».

Skjåk Sp har valvake på gamle Skafferiet på Skjåk kjøpesenter.

I Smiu i Signegarden er Bygdalista samla for å få med seg valresultatet saman måndag kveld.

Alle tre partia er naturlegvis svært spente på resultatet.