Val 2019:

Stian var blant dei aller siste som stemte i Skjåk

Stian Aaboen hadde ikkje fått med seg at vallokalet stengde klokka 18.00 før han såg opningstida på valkortet sitt. Da var det fem minutt att til dørene stengde ...

Blant dei siste: Stian Aaboen var blant dei aller siste som stemde i Skjåk på valdagen.  Foto: Tom Erik Solstad

New Articles

– Eg var her før klokka 9 i dag tidleg, men da hadde ikkje vallokalet opna ennå. Og i heile dag har eg hatt det så travelt. Heldigvis tok eg ein titt på valkortet mitt, og da fann eg ut at eg byrja å få det travelt, seier Stian Aaboen i Skjåk.

Klokka 17.55, fem minutt før vallokalet på kommunehuset i Bismo stengde dørene, kom skjåkværen med valkortet sitt i handa.

30-åringen fortel at dette var fyrste gongen han brukte stemmeretten sin.

– Eg har ikkje engasjert meg så hardt tidlegare år, og har liksom ikkje brukt noko energi på å setja meg inn i dette med politikk og val. Men nå har eg stemt! seier Aaboen.

Valmedarbeidarane på kommunehuset i Bismo fortel at det har vore mykje folk innom vallokalet på valdagen. Allereie før dørene opna var det kø.

Mange av Skjåk sine innbyggjarar har også førehandsstemd.

– 31 prosent, mellom 500 og 600 personar, av dei som er stemmeberettiga i Skjåk kommune, har stemt på førehand, seier Marianne Stensgård.

Valmedarbeidarar: Klokka 18.00 presis stengde valet på Skjåk kommunehus. Frå venstre: Sigrun Eide, Grethe Sperstad, Tor Taraldsrud og Marianne Stensgård.  Foto: Tom Erik Solstad