Val 2019:

Spente politikarar i Lom

– Det er klart vi er spente, men nå har veljarane sagt sitt. Resultatet blir som det blir.

Spente: – I Bygdalista er vi optimistar, seier Trond Volden, Jan Erik Husom, Tina Turtum, Frikk Kolden, Magnar Mundhjeld og Kristin Lund.  Foto: Vigdis Kroken

Offensive: – Målet er å auke med minst to representantar, seier Tomas Sørhage og Sigrun Garmo i Lom Ap.   Foto: Vigdis Kroken

New Articles

Både Lom Ap og Bygdalista er godt i gang med valvakene sine. Ap held til på Nordal, Bygdalista er på Fossberg.

Ordførarkandidat Sigrun Garmo og Tomas Sørhage, som er på kumulert andreplass på Lom Ap si liste, legg ikkje skjul på at dei er spente.

– Men nervøse er vi ikkje. Resultatet blir som det blir. Målet er få fleire representantar inn i kommunestyret. Inneverande periode har vi inne fire representantar. Dersom vi aukar med minst to, skal vi vera nøgde. Det gjeld å vera litt offensiv! smiler dei to.

Stemninga er like god hjå Bygdalista, som seier nesten akkurat det same som «konkurrentane» i Ap.

– Vi har tre i kommunestyret inneverande periode. Eg har sagt at målet er å auke til seks, men kanskje er det meir realistisk å seia to, ler ordførarkandidat Trond Volden.

Han karakteriserer valkampen i Lom som harmonisk.

– Det har vore ein del debatt om eigedomsskatt og flypass, men elles har det vore nesten for få diskusjonar, tykkjer Volden.

Valresultatet kjem ikkje før tidlegast klokka 21.00. Da tek Fjuken ei runde til alle valvakene i heile Ottadalen, - 11 i talet – for å innhente kommentarar og reaksjonar.