Toppoppgjer i 4. divisjon: Eit jublande damelag slo Lillehammer for tredje gong i år

Lom vann 2-1 over Lillehammer i Bismo sundag ettermiddag. Nå luktar det seriegull!

Glade jenter: Lom sitt damelag i fjerdedivisjon kunne sleppe jubelen laus etter å ha slått eit sterkt Lillehammer-lag for tredje gong i år.  Foto: Tom Erik Solstad

Siger: Lom vann 2-1 over Lillehammer.  Foto: Tom Erik Solstad

New Articles

Lomsspelar Ragnhild Flaten stod for båe måla heimelaget greidde å innkassere under fjerdedivisjonskampen mellom Lom og Lillehammer i Bismo sundag.

Den fyrste ballen sette Flaten i målet etter 23 speleminutt. Da hadde det energiske og raske lomslaget lenge hatt styringa på bana. Trass i fleire sjansar gjennom fyrsteomgangen, vart det med det eine målet til pause.

Ti minutt ut i andreomgangen utliknar Lillehammer til 1-1, men Lom er laget som likevel har størst tempo og flest sjansar, og 14 minutt seinare sørgjer Ragnhild Flaten for eit nytt mål for heimelaget. Dette blir også kampens siste mål, og Lom slår gjestane Lillehammer 2-1.

Dette var tredje gong Lom slo Lillehammer denne sesongen.  

Etter sundagens kamp ligg Lom øvst på tabellen med 29 poeng etter 12 spelte kampar. Lomsdamene har denne sesongen så langt vunne ni kampar, spelt to uavgjort, og hatt berre eitt einaste tap. Lom har nå att tre kampar denne sesongen, og neste kamp er mot Dombås/Lesja den 15. september.

Lillehammer ligg på andreplass på tabellen med 25 poeng, og har også att tre kampar.

Nå luktar det seriegull av Lom sitt damelag ...

Sjå heile tabellen HER.

Spel: Lomslaget hadde mange sjansar gjennom sundagens kamp.  Foto: Tom Erik Solstad