Laila, Jøran og Magne kjempa om å bli landets beste ambulansearbeidarar

Dei tre skjåkværane deltok i Sykehuset Innlandet sitt regionmeisterskap i ambulansefag fredag.

«Team Ottadalen»: Laila Jøingsli, Jøran Forberg og Magne Ramberg utgjorde «Team Ottadalen» under Sykehuset Innlandet sitt regionmeisterskap i ambulansefag.  Foto: Tor Aage Hansen/Du puster for fort

New Articles

Fem lag frå dei ulike ambulanseregionane i Innlandet deltok i regionmeisterskapet i ambulansefag, etter innleiande runder lokalt. Blant desse var «Team Ottadalen», som bestod av ambulansearbeidarane Laila Jøingsli, Jøran Forberg og Magne Ramberg frå Skjåk.

Regionmeisterskapet i ambulansefag gjekk føre seg på Jørstadmoen på Lillehammer fredag.

I det regionale meisterskapet konkurrerte laga i ulike ferdigheiter innan prehospitalt akuttmedisinsk arbeid. Deltakarane fekk ingen opplysningar om oppgåvene i forkant, og måtte handtere øvingane som reelle ambulanseoppdrag. Jøingsli, Forberg og Ramberg - og alle andre som deltok - vart testa i kunnskap, kommunikasjon, organisering og handlekraft.

Vinnarlaget vart «Team Hæljelaget» frå Hadeland, som får delta i den nasjonale konkurransen som blir arrangert av interesseorganisasjonen for ambulansetenesta, EMS Norway, neste år.

Arrangementansvarleg i Sykehuset Innlandet, Nils Halvor Gryting, melder om at laga som deltok leverte prestasjonar på eit høgt fagleg nivå, og at det var små marginar som skilde vinnarlaget frå resten av laga.

– I tillegg til konkurranseperspektivet er konkurransen ein verdifull arena for trening, noko som er ein viktig del av kvardagen til ambulansepersonell.