MEINING:

Kontrollutvalget må opptre ryddig!

New Articles

Av Svein Holen, Vågå SV

Kontrollutvalget i Vågå skal sjå på saksgangen ved to tilsetjingar ved Regionkontoret for Nord-Gudbrandsdal. Utvalget, som har tre medlemmer, har vedteke å be Innlandet Revisjon IKS om ei fagleg vurdering før utvalget sjølv tek sakene opp til formell behandling. Det er ein ryddig framgangsmåte.

Det som blir veldig uryddig, er at to av medlemmene går ut med sine synspunkt før faginstansen har kome med si tilråding. Kommentarar som at det er gjort feil, og at tilsetjingsprosessen ikkje har vore handtert slik han burde, gjev inntrykk av at dei allereie har konkludert. Er det ikkje nettopp prosessen og saksbehandlinga revisjonen er beden om å vurdere?

Nå må resten av kontrollutvalget opptre like ryddig som utvalgsleiaren. Kontrollutvalget har ei viktig rolle i å føre tilsyn med den kommunale forvaltninga. Da må ikkje medlemmene gje uttrykk for eit standpunkt i saker dei har sendt over til ein fagleg instans, fordi dei sjølve ikkje ser seg kompetente til å gjera vurderingane åleine. Det blir synsing, og det skal ikkje eit kontrollutvalg drive med.