Arbeiderpartiet størst i skulevalet i Skjåk

Dei fire eldste klassetrinna på Skjåk barne- og ungdomsskule gjennomførte skuleval fredag.

Skuleval: Skjåk barne- og ungdomsskule gjennomførte skuleval etter debatten med ordførarkandidatane fredag. Valresultatet syner at Arbeiderpartiet fekk flest av stemmene i skulevalet i Skjåk.  Foto: Tom Erik Solstad

New Articles

Skulevalet på Skjåk barne- og ungdomsskule fredag vart utført etter at ordførarkandidatane i dei tre politiske partia deltok i skuledebatt same dag.


Skuledebatt i Skjåk: Elevane hadde mange spørsmål - og fekk svar

Dei tre ordførarkandidatane i Skjåk fekk mange spørsmål å svare på da dei stilte til debatt på Skjåk barne- og ungdomsskule fredag.

 

Resultatet av skulevalet syner at det var Arbeiderpartiet som fekk flest stemmer blant 7.-10. klasse på barne- og ungdomsskulen i Skjåk.

Av dei 91 elevane som stemde, fekk Arbeiderpartiet 36 av stemmene. Senterpartiet fekk 31 stemmer, og Bygdalista 13 stemmer. 11 av elevane stemde blankt.

I prosent fekk Arbeiderpartiet 39,5 prosent av stemmene, Senterpartiet 34 prosent av stemmene, og Bygdalista 14,2 prosent av stemmene.