Ny løyperekord i Sjårdalsløpet

Den raskaste deltakaren i konkurranseklassa fullførte det sju kilometer lange Sjårdalsløpet på 25 minutt og 41 sekund laurdag.

Sjårdalsløpet: Det vart sett ny løyperekord i Sjårdalsløpet laurdag.  Foto: Privat

New Articles

Øystein Ulekleiv var raskast og sette ny løyperekord i Sjårdalsløpet laurdag, da han fullførte dei sju kilometrane på tida 25,41. Andreplassen gjekk til Jan Ivar Lillebråten på tida 31,46, medan Kristian Moen tok tredjeplassen da han sprang i mål på tida 32,59.

Kvinneklassa vart vunne av Aina Olderløkken som sprang i mål på tida 37,23. Eli Blankenborg tok andreplassen på tida 42,45, og Merethe Holen tredjeplassen på tida 44,00.

Dei yngste deltakarane i konkurranseklassa sprang fem kilometer. To personar deltok her. Vinnar vart Lars Kristian Tordhol på tida 24,20, medan andreplassen gjekk til Tim Wijgaart som sprang i mål på tida 26,33.

Det var som vanleg Sjårdalen Idrettslag som arrangerte Sjårdalsløpet laurdag, som bestod av både konkurranseklasse og trimklasse. Øystein Bakke i idrettslaget fortel at det var nokre færre deltakarar i trimklassa i år, men fleire i konkurranseklassa.

Det vart delt ut medaljar til alle. I tillegg vanka det pokal til klassevinnarar, og pengepremiar for beste tid i dame- og herreklassa.