MEINING:

Vågå Arbeiderparti – eit halvt århundre bak vår tid

New Articles

Av Sigurd Rønningen – sjølvstendig næringsdrivande, Vågå.


«Det verste vi kan gjere er å ikkje gjere noko!», heiter det i Vågå Arbeiderparti sitt valprogram. Lite truverdig frå eit parti som lovar mykje, har levert lite, og svergar til for lengst utdaterte løysingar.

Med dei avdøde ordførarane Ola Dahl og Sigurd Granrud som forbilete og fasit i sitt valprogram, vil Vågå Arbeiderparti blåkopiere «ein aggressiv næringspolitikk hand i hand med ein kraftfull og sosial bustadsplan» slik dei to ordførarlegendene gjorde på 1960- og 70-talet(!) I ei samtid der Vågå og Nord-Gudbrandsdalen treng politikarar som er oppdaterte, framoverlente og nytenkjande, går Vågå Arbeiderparti til val på å blåkopiere eit halvt århundre gamal politikk. Heilt utan å ta innover seg visdomsorda frå ein annan gamal høvding: «The times, they are a changing»: I tiåra då Ola Dahl og Sigurd Granrud var ordførarar, trengte store kull av babyboomerar fødd etter krigen ha bustad og arbeid, i dag er heile Noreg prega av eldrebølgje. På 60- og 70-talet var norsk industri i vekst og utvikling, i dag er store delar av næringa sett ut til låginntektsland i Asia. I dag har vi fiber, digitale jobbar, kreative næringar og store inntektsmoglegheiter i eit grønt skifte, men Vågå Arbeiderparti går til val på å reise næringsbygg utan interessentar. I møte med Vågå sine utfordringar i fram mot 2023, held Vågå Arbeiderparti stø kurs med ein politikk utgått på dato for fleire tiår sidan.

Eit døme på kva vi har i vente med Vågå Arbeiderparti ved roret, finn du på Lalm og lyfta fram i eit stort oppslag i valprogrammet: «Bårstadhallen – ei suksesshistorie», heiter det der. Sanninga: Eit tosifra kommunale millionar frå næringsfond vart i 2016/2017 nytta til å reise industrihallen på Lalm heilt utan leigetakarar eller interessentar. Deretter sto Bårstadhallen tom i kring eit år, inntil nystarta Ottadalen Massivtre fekk tilbod om å leige. Næringsverksemd er det ikkje, Ottadalen Massivtre er per i dag eit innovasjonsprosjekt som KAN bli næring på sikt. Ottadalen Massivtre er heller ikkje avhengig av Bårstadhallen for si verksemd, men Vågå Arbeiderparti er heilt avhengige av at Ottadalen Massivtre held hus i Bårstadhallen for å kunne kalle industrihallen ein suksess.

Fleire rundar kommunal multimillionlotto kan det altså fort bli viss Vågå Arbeiderparti får velgjerane sin tillit til å følgje fasiten frå for lengst avdøde Ola Dahl og Sigurd Granrud. Dette samstundes med at kommunen sier opp og leigar ut kommunalt tilsette i viktige funksjonar for å bøte på millionsmellar i budsjettet. Det største og dyraste luftslottet av dei alle er likevel valflesket om utreiing av flyplass i Vågå. Symptomatisk nok er flyplassen og ein «fasit» som Ola Dahl og Sigurd Granrud ga oss – men sjølv aldri fekk realisert.

Så er sjølvsagt spørsmålet: Leverer Vågå Arbeiderparti på valkampløfta sine? Fortener partiet ny tillit ved valet i haust? Fasit finn du på heimesida deira: I valkampprogrammet for 2015-1019, altså kommunestyreperioda som tek slutt med valet 9.september, gjekk Vågå Arbeiderparti til val på sju hovudmål. Her er lovnadane frå 2015 og status etter fire år med Vågå Arbeiderparti sitt styre:

Mål: Vågå Arbeiderparti skal vera garantisten for at  frivillige lag og foreiningar får gode og tilrettelagte støtteordningar

Fasit: Vågå Arbeiderparti har vedtatt kutt i stønaden til frivillige lag og foreiningar, mellom dei kulturskulen.

Mål: Styrke satsinga for eit attraktivt og levande sentrum 

Fasit: Vågå Arbeiderparti vedtok å utvide sentrumssona ned til riksvegen for å leggje til rette for etablering av Big Box på Brustugujordet – ei type etablering som i alle andre tilsvarande tettstader i Noreg har lagt sentrum aude.

Mål: Fortsetja styrkinga av det lokale verkemiddelapparatet retta mot eksisterande og nytt næringsliv og landbruk

Fasit: Vågå kommune har investert store ressursar i å bygge kompetanse og kontaktnett hos ein velfungerande næringskonsulent, men vedkomande er no leigd ut og tener no berre næringslivet i 20 prosent kommunal stilling.

Mål: Sikre forsvarleg vedlikehald av vegnettet

Fasit: Etterslepet på vedlikehald av det kommunale vegnettet aukar for kvart år og er på eit tosifra tal millionar.

Mål: 100% fiber til heimen i heile kommunen

Fasit: Ikkje oppnådd.

Mål: Garantere forutsigbare, trygge og gode helse- og omsorgstenester

Fasit: Miljøterapeuten er sagt opp, og kommunen har vore gjennom rettssak i tre instansar mot handikappa innbyggjarar for å tvinge desse ut av omsorgsbustad. Høgsterett oppheva nyleg tidlegare domfelling, og kommunen er dermed like langt med store advokatutgifter og utrygge omsorgstrengjande.

Mål: Vågå Arbeiderparti skal vere garantist for fortsatt gratis halleige og open symjehall for born og unge i heile bygda!

Fasit: Den kommunale svømmehallen er no stengt og bygging av ny svømmehall ikkje vedtatt.

9.september går Vågå til val for eiga framtid. Etter eit halvt hundreår styrt etter oppskrifta til Vågå Arbeiderparti, går mi stemme ved dette vegvalet i staden til eit av partia som tek til orde for å utvikle Vågå til ei attraktiv, framtidsretta bygd som vi veit må og vil vere:

  • Langt meir berekraftig
  • Mykje meir digital
  • Ha langt større innslag av kompetansearbeidsplassar
  • Tiltrekke seg barnefamiliar i etableringsfasen

Vågå er heldige som har så mange av kvalitetane, kunnskapen, attraktiviteten og ungdomen som skal til for å leve godt i denne framtida – det vi manglar er politikken som vil hjelpe oss å nå dit. Noko som vart tydeleg demonstrert av Vågå Arbeiderparti sin ordførarkandidat under den lokalpolitiske debatten denne veka: Live Langøygard tok til orde for at ungdomen vår framover må få redusert tilbod om høgare utdanningsløp, fordi det er realfagsarbeidsplassar Vågå skal tilby dei i framtida. Langøygard vil og helst leggje ned begge dei private barnehagane i bygda, to unike og svært populære oppveksttilbod som har ufatteleg mykje meir å si for å tiltrekkje seg nye innbyggarar og skattebetalarar enn nokon industrihall.

PS: I sitt valgprogram slår Vågå Arbeiderparti dystert fast at negativ befolkningsutvikling er den største utfordringa og «epidemien» i vår tid. Sanninga er at Statistisk sentralbyrå si oppdaterte framskriving finn at folktalet i Vågå mest sannsynleg blir høgare om 20 år enn i dag. Talande nok er Vågåmo barneskule i dag sprengt av langt høgare elevtal enn politikarar og administrasjon har planlagt for. Årsaken: I vår tid blir stadig fleire bygdeungar fødd i storbyar – før ein god del barnefamiliar fløtt til Vågå i åra kring skulestart. DER ligg nøkkelen til framtida og attraktiviteten vår.

Godt val – og kvil i fred, Sigurd Granrud og Ola Dahl.