MEINING:

Kommuneøkonomien i Skjåk del 2

New Articles

Av Stig Erlend Banken
Skjåk AP

Skjåk AP kan godt gjenta det ein gong til: Det er ikkje dei store investeringane som fyrst og fremst bekymrer Skjåk AP.  Mange av dei har vore heilt nødvendige, det har vore tverrpolitisk einigheit om dei, og ingen politiske parti kan ta all æra for det.

Det er dei store driftsutgiftene og manglande eigenkapital som har ført til eit alt for stort låneopptak, som bekymrer oss.

Dersom kraftinntektene hadde vore brukt til investeringar og utvikling av bygda hadde vi vore i ein heilt annan økonomisk situasjon.

SP seier at «det har ikkje kome forslag om kvar større kutt skal takast frå». Ikkje veit eg om SP har dårleg hukommelse eller ikkje, men etter forslag frå AP har vi fått ein stor gjennomgang av drifta i kommuna. Den viser at mange områder i kommuna har mykje større ressursbruk enn andre kommunar vi kan samanlikne oss med, utan at resultata nødvendigvis er betre for det. Ut frå dette har Skjåk AP kome med mange ulike og gjentatte forslag om at vi må tilpasse mykje av drifta vår likt med dei andre kommunane. Kommunestyret skal setja rammer for drifta av kommuna, og kommunedirektøren skal halde seg innafor desse rammene. Det er her forskjellen mellom Skjåk AP og SP er, når SP ikkje har sett nødvendigheita av å forbedre driftsresultatet, som igjen vil bedre vårt økonomiske handlingsrom og redusere lånegjelda.

Skjåk AP og veljarane i Skjåk har fortsatt enda til gode å få eit konkret og realistisk svar frå SP om fylgjande, dersom vi får 4 nye år med SP i førarsetet:

Korleis skal vi klare å investere over 100 millionar til nødvendige utbetringar i Skjåkhallen, samt ny barnehagestruktur, samtidig som lovnadane om å ikkje gå utover handlingsregelen for låneopptak blir halde?