SJÅ BILDE:

God stemning blant rånarane i Moom da Vågå Ap serverte «raggarkorv»

Fredag kveld troppa listekandidatar frå Vågå Ap opp på parkeringsplassen ved Halland i Vågåmo. Med seg hadde politikarane gassgrill og ein haug med «raggarkorv» som dei spanderte på rånarar og raggarar.
New Articles

– Dette gjer vi for å nå ungdomen og høyre deira meiningar, seier Jørn Roger Hagen.

– Det er viktig for oss å høyre kva dei unge vil, og ikkje berre sitja i kommunestyresalen og tre ting nedover hovudet deira, seier Rita Benrud.

Dei var to av Vågå Ap sine mange listekandidatar som hadde sett av tre timar av fredagskvelden til å servere grillpølser.

«Raggarkorv» stod det på eit skilt i vegkanten, med ei pil inn mot parkeringsplassen på Halland. Sjølv om det var roleg til å byrje med, strøymde det etter kvart på med bilar, traktorar, mopedar og andre framkomstmidlar. Det gjekk hardt på pølsene ei stund, og Vågå Ap måtte på bua etter meir «korv». Det var svært god stemning på parkeringsplassen.

– Vi visste ikkje korleis dette ville bli motteke, men vi må seie oss svært tilfredse med opplegget, seier Jørn Roger Hagen.

Fellessskapet i rånarmiljøet i Vågå har i ei årrekkje vore stort, og sterkt samansveisa. Dette var også ein av grunnane til at Vågå Ap valte å gjera eitkvart for nettopp rånarar og raggarar fredag kveld.

For utan å få servert pølser og drikke, fekk ungdomane høyre kva det politiske partiet vil gjera for ungdomen dei neste fire åra. Dei besøkande fekk også høve til å vera med på å påverke og koma med sine meiningar om kva som betyr mest for ungdomen i Vågå.