MEINING:

Nedklassifisering av gamle Rustvegen

New Articles

Av Geir Stadeløkken, Vågå Ap

Svar til Ørjan Venås.

Politikk handlar om å prioritere. I tronge budsjettperioder, er denne prioriteringa vanskeleg og tvingar oss til å ta tøffe valg. Eit av valga Vågå Arbeiderparti har gjort, er at vi ikkje vil vere med på ei privatisering av kommunale vegar. Dette stemde vi mot i samband med budsjettet og det viste seg seinare at det vart vanskeleg også for Senterpartiet og Bygdalista å få gjennomført dette, i denne omgang.

Den gongen Vågå var så heldige å få ny veg over Ruste, krevde fylkeskommuna at den gamle vegen skulle nedklassifiserast som fylkesveg. Vågå Arbeiderparti gjekk inn for at denne ikkje skulle bli ein del av dei kommunale vegane. Dette skuldast mellom anna at det er fleire private vegar som vi meiner burde vore gjort om til kommunale fyrst, der det både er fleire hustandar som soknar til vegen og ikkje minsta at vegane i dag fungerar som gjennomfartsveg. Derimot fekk veglaget for Rustvegen ei ekstraordinær løyving og har seinare fått årlege tilskot gjennom vegfondet. 

Politikk handlar om å prioritere. Vi i Vågå Arbeiderparti meiner det er viktig med kommunale vegar for å få heile bygda attraktiv. Vi veit at andre parti ikkje deler dette synet og vi fryktar at det også i neste kommunestyreperiode vil bli ein ny «vegkamp».