Power Vågå kåra til landets beste butikk

Dette er andre gong på rad at Power-butikken i Vågå går av med sigeren.

Beste Power-butikk: For andre gong på rad er Power Vågå kåra til landets beste butikk i kjeda. Frå venstre: Butikksjef Andreas Barhaugen, Ronny Løland og Anders Aas Sandvoll.  Foto: Privat

New Articles

Det var under Power sitt haustmøte at Power Vågå vart kåra til landets beste butikk for 1. halvår 2019. Det same skjedde for siste halvår i 2018, og elektrobutikken i Vågå greidde dermed å forsvare tittelen.

– Vi set stor pris på å vinne denne kåringa andre gong på rad. Eg må få takke mine tilsette som står på og strekkjer seg langt for å få tilfredse kundar, og sjølvsagt våre kundar som vel oss som handelsstad for sine varer, seier butikksjef Andreas Barhaugen på Power Vågå.

Han fortel at mykje av veksten til butikken kjem frå kjøkkenavdelinga, der Power Vågå har dobla omsetnaden frå same periode i fjor.

– Mykje av veksten kjem på grunn av at vi har gode seljarar som tek seg tid til god dialog, og til å finne løysingane som passar best for kundane, seier butikksjefen.

Dagleg leiar i Coop Ottadalen, Rune Fossmo, er også svært tilfreds med utviklinga og resultatet på Power Vågå, som kan syne til svært gode tal dette året.

– Både Power Vågå og Power Skjåk har gode tal i 2019. Noko av suksessen hjå Power Vågå er utan tvil det enorme salet av kjøkken og kvitevarepakkar som butikken har. I tillegg har båe Power-butikkane dyktige tilsette, seier Rune Fossmo.

Premien til Power Vågå i samband med kåringa er 20.000 kroner som skal brukast til sosiale formål.