– Vi er på turné for Vårherre

«Gatekirken» er på besøk i Skjåk og Lom denne veka.

«Gatekirken»: Denne veka gjestar «Gatekirken» Skjåk og Lom. Bak frå venstre: Tora Ingeborg Forberg, Tora Regine Forberg, Mona Skjedsvoll og Marit A. Skjærli. Fremst sit Karin Vange og Rebekka Blomsø.   Foto: Tom Erik Solstad

New Articles

– Eg er sikker på at dette er fyrste gong at det er ei gatekyrkje her i Ottadalen, seier Karin Vange i Skjåk.

Ho var blant fleire medhjelparar som både måndag og tysdag var på plass i ein paviljong utanfor Skjåk kjøpesenter i Bismo. Her serverte dei blide damene kaffi og vaflar, dei song og spelte musikk, og hadde samtaler med forbipasserande.

– Vi er på turné for Vårherre for å skape Guds fred, seier Karin Vange.

Det er evangelist Rebekka Blomsø frå Troms som driv gatekyrkja som ho har valt å kalle «Hører du ropet: Kom!».

– Eg har hatt denne gatekyrkja i fem år nå, og har drive fleire år i Bergen. Etter eit besøk hjå Karin Vange for eit år sidan, fann vi ut at det hadde vore fint å ta med seg Gatekirken hit for å forkynne evangeliet til alt slags folk i Skjåk og Lom, seier Blomsø.

Gatekirken-damene fortel at det var innom folk i alle aldrar i paviljongen utanfor Skjåk kjøpesenter måndag og tysdag, og at det har vore ei overvekt av barn og ungdom.

– Det kjennest ut som at det er eit stort behov for åndeleg søken i dalen her. Dette har vore utruleg vellykka, slår Karin Vange fast.

Onsdag og torsdag blir Gatekirken å finne ved Sport1 i Lom, medan Gatekirken fredag kveld skal ha husmøte heime hjå Karin Vange i Bismo.