Vinter på Sognefjellet og Valdresflye

Fv55 over Sognefjellet vart stengt grunna snø og vanskelege køyretilhøve tidleg tysdag morgon. Også på fv51 over Valdresflye la snøen seg tysdag.

Vinter: Slik såg det ut på Sognefjellet rett før klokka 09 tysdag morgon.  Foto: Statens vegvesen/Webkamera

New Articles

Vegtrafikksentralen kunne tysdag morgon rett før klokka 05.30 melde om at det på fv55 over Sognefjellet var dårleg sikt og vanskelege køyretilhøve grunna snøfall. Vegen vart etter kvart stengt. I skrivande stund, klokka 09.00 tysdag, er fjellovergangen framleis stengt.

Også på Valdresflye vart det vinter tidleg tysdag morgon, med snødekke frå om lag 1.100 meter over havet, i fylgje Vegtrafikksentralen Øst. Fv51 over Valdresflye er ikkje stengt.

Ved 09.30-tida melder Vegtrafikksentralen at fv55 over Sognefjellet er brøytt og open att for trafikk.

Hald deg oppdatert på trafikkmeldingane på Statens vegvesen sine nettsider.

Valdresflye: Også på Valdresflye la snøen seg tysdag morgon.  Foto: Statens vegvesen/Webkamera