Trygg Trafikk ynskjer mindre køyring til skulane

Måndag er det skulestart. Meir enn 62.000 ungar skal ut i trafikken.

Skulestart: Måndag er det skulestart, og Trygg Trafikk oppmodar til ikkje å køyre ungane sine til skulen.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

New Articles

Trygg Trafikk oppmodar foreldre til å la ungane gå eller sykle for å gjera skulevegen tryggare.

– Unødvendig køyring til skulane er eit aukande problem for mange skular. Sjølv om det er gjort i beste meining frå foreldras side, fører køyringa heller til at det meir utrygt rundt skulane og langs skulevegen, seier opplæringssjef i Trygg Trafikk, Ragnhild Meisfjord.

– Barn likar å vera i aktivitet utandørs, og dei fleste ynskjer å gå eller sykle til skulen saman med venene sine. Det bør vi voksne tilrettelegge for. Ved å følgje barna til skulen, til fots eller på sykkel, er foreldra med å gjera skulevegen tryggare for dei minste. Våre eigne køyrevanar er det kvar og ein av oss lettast kan gjera noko med, fortset ho.

Trygg Trafikk oppmodar FAU til å lage trygge trafikksoner rundt skulane.

For mange elevar i Ottadalen er buss det einaste alternativet for å koma seg på skulen.