Utstilling på Norsk Fjellsenter:

Visualiserer bresmeltinga

Torsdag kveld opnar utstillinga «Kor mange tonn?»
New Articles

Norsk Fjellsenter opnar torsdag kveld ei utstilling med 26 bilde. Bilde frå slutten av 1800-talet, byrjinga av 1900-talet og bilde som er teke «i dag».

– Utstillinga er eit samarbeid mellom fjellsenteret og NVE. Vi har brukt eigne arkivbilde og arkivbilde frå NVE, og vi har fått Kjell Nyøygard og Jelle Houbrechts til å ta nye bilde, seier Thea Grobstok Dalen ved Norsk Fjellsenter.

Dei nye bilda er forsøkt teke frå same utgangspunkt som dei gamle bilda, og dei har fått eit utsnitt som fangar akkurat det same motivet - dei same breane. Det kjem tydeleg fram kor mykje breane har minka.

– Vi har òg fått laga eit framtidsbilde av korleis Hellstugubreen vil sjå ut om 80 år, det vil seia han vil vera heilt borte i akkurat det utsnittet som er manipulert om smeltinga held fram som i dag, fortel Grobstok Dalen.

I løpet av det siste hundreåret har ein tidel av breane vorte borte, årleg renn 675 millionar vatn vekk frå breane og dei minkar i gjennomsnitt med 8 meter i året.