Sykkelmysteriet i Lom:

Syklisten dukka opp på Vinstra

Etter å ha sett i gang eit større apparat, vart den russiske syklisten plukka opp på E6.

Sykkel og eigar er saman att, og politiet har avslutta saka.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

New Articles

– Han haika langs E6 tysdag, og var da på tur til Lom for å hente att sykkelen sin, fortel Roger Haugen ved lensmannskontoret i Lom.

Til politiet har han forklart at han ville sjå seg meir om i landet, for eventuelt seinare turar til Noreg. Han tykte truleg det vart meir effektivt å haike enn å sykle.

– Han skjønte nok at det ikkje var det luraste han hadde gjort, å setja att sykkelen, og at han burde gjort ting annleis. Men, han har ikkje gjort noko straffbart, seier Haugen.

Den russiske mannen, 32 år gamal, har hatt det heilt fint den siste veka. Han kom seg til Lom og har nå henta att den etter kvart berømte sykkelen sin.

Politiet fekk mange tips i saka, som heldigvis fekk ein lykkeleg slutt.


Kvar er syklisten?

Leiteaksjon igangsett i Lom

Det blir sett i gang leiting etter det som truleg er ein russer, etter at sykkelen har stått urørt ved riksveg 15 i Vikedalom sidan førre veke.

 

Sykkelmysteriet i Lom:

Haika til Åndalsnes eller utsett for ulykke?

Leitemannskap frå hjelpekorpsa i heile Nord-Gudbrandsdalen har onsdag efta og kveld leita etter ein forsvunnen syklist i Lom.