Kvar er syklisten?

Leiteaksjon igangsett i Lom

Det blir sett i gang leiting etter det som truleg er ein russer, etter at sykkelen har stått urørt ved riksveg 15 i Vikedalom sidan førre veke.
New Articles

Ein sykkel, med full opp-pakning og hjelm, har stått på same plass sidan førre onsdag.

Politiet er nå i ferd med å gjera undersøkingar, og mannskap frå Røde Kors hjelpekorps, hundepatruljar og luftambulanse blir sendt ut i området måndag efta.

Sidsel Svarstad ved operasjonssentralen hjå Politiet i Innlandet opplyser at innhaldet i sykkelveskene tyder på at det er ein russisk mann som er eigaren.

– Vi har ikkje funne noko ID eller anna som gjev oss sikre svar på kven vedkomande er, men tykkjer det er merkeleg at sykkelen har stått fullt utstyrt i så mange dagar.

Svarstad ber om at alle som har opplysningar, anten frå overnattingsstader eller frå folk som kan ha observasjonar, tek kontakt med politiet.

Politiet har ikkje ikkje motteke noko saknamelding etter korkje russerar eller andre.