Minnemesse etter Kjell Holm i Vågåkyrkja

Tysdag 13. august er det 100 år sidan Kjell Holm vart fødd. Dagen blir markert i Vågåkyrkja.

Sandbu: Sandbu har 17 freda hus, og endatil eit kapell som vart bygd i 1967 i nærleiken av tomta etter den gamle stavkyrkja på «Kyrkjejordet» på Sandbu.  Foto: Ketil Sandviken

New Articles

Skipsreiar og mangeårig eigar av Sandbu i Vågå, Kjell Holm, ville fylt 100 år tysdag 13. august. Familie og vener vil markere 100-årsdagen med minnemesse i Vågåkyrkja denne dagen.

Under messa deltek sokneprest Cynthia A.M. Slomp Renaa, organist Reidar Svare, vokalist Tonje Eilin Ulsletten, felespelarane Ragna Valde Sletten og Vegar Vårdal, styreleiar i Europa Nostra Norge, Erik Schultz, og forfattar og forleggar Sverre Mørkhagen.

Kjell Holm var ein kjær vågåven, og i 2003 vart det nye orgelet innvigd i Vågåkyrkja, ei gåve frå Kjell Holm.

Kjell Holm fekk Sandbu i Vågå av foreldra sine på 21-årsdagen sine. Her heldt han til samtlege somrar – og tidvis også jule- og påskehøgtidar - fram til sin død i 2009.

Kjell Holm vart 90 år gamal.