Meining: Kvar står kampen?

New Articles

Av Mette Vårdal, Vågå Sp

Laurdag 17. august starter valkampen for alvor i Vågå, alle partia er samla med stand under Traktorrock. Og 3. september blir det debatt i kulturhuset.

Det har vore nokre store einskildsaker i Vågå dei siste åra, med kommunesamanslåing og arealplan med regulering av Brustugujordet. Komplekse spørsmål, men likevel saker der ein lett skil partia frå kvarande.

Men desse debattane er allereie lenge sidan. Dei siste åra har arbeidet i kommunestyret vore prega av skifter av rådmenn, arbeid for å få økonomien i balanse og planer for ny utforming av helse- og omsorgsteneseta. Det har vore viktigare med tverrpolitisk samarbeid, enn debatt om einskildsaker. Det kan gjere det vanskeleg å halde partia frå kvarandre, og sjå dei politiske motsetnadene.

Økonomistyring, utforming av tenestetilbodet og arbeidsgjevaroppgåva vil være av dei viktigaste sakene også i neste periode. Korleis dette blir gjort har stor betyding alle som bur i Vågå; korleis tenestetilbodet ser ut, om vi har økonomisk armslag til omstilling og nye tiltak og ikkje minst korleis kommunen er som arbeidsplass.

Dette er viktige spørsmål, men vanskelege saker å drive valkamp på. Mykje av det viktigaste arbeidet skjer i dialog mellom politikarar, rådmannsleiinga og fagfolk. Det er ikkje partia sine standpunkt som skil oss, men evna til å prioritere og sørge for framdrift, forankre prosesser og involvering langt ut over kommunestyresalen.

I det mylderet av små og store einskildsaker som kjem opp dei neste vekene, meiner eg framleis at dette er det store spørsmålet; kven som skal ha ansvar for framdrift og forankring av det politiske arbeidet. Dette arbeidet får ikkje dei store oppslaga i avisa, men ein merker godt om det ikkje er på stell.