Skulestart og trafikktryggleik:

– Viktig med fri sikt langs vegane

Vegetasjon som hindrar sikta kan føre til farlege situasjonar i trafikken.

Trafikktryggleik: Vegetasjon som hindrar sikta kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Klipp hekk og busker, oppmodar Trygg Trafikk.  Foto: ILLUSTRASJON/ TRYGG TRAFIKK

New Articles

– Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekk og busker på eigedomane sine, av omsyn til både eigen og andres tryggleik, seier David Tofthagen i Trygg Trafikk i Oppland i ei pressemelding.

Han fortel at det å sørgje for fri sikt langs vegane er så viktig at ansvarsforholda er nedfelt i veglova.

– Når du står fire meter inn i avkøyrselen din skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen. Hekk og gjerde skal heller ikkje vera høgare enn 50 centimeter ved avkøyrselen din, understrekar Tofthagen, som oppmodar folk til å rydde på eigen eigedom slik at skulevegen blir trafikksikker.